Når ein snakkar om fjell i Havlandet, så handlar det ikkje om ekstreme høgder, men om ekstrem utsikt. Same kva slags fjellturgåar du er, i Havlandet er det fjell for alle. Og utsikt som imponerer alle. Du kan rusle i spasersko på turstien Heid over byfjellet i Fosnavåg, eller du kan finne dine eigne stiar på ei av dei mange øyane. Kanskje kjem du deg over til Skorpa og kan klatre i brattene i lag med dei ville kystgeitene der? Eller kanskje er du blant dei som sit med kikkerten for å fange detaljane i det rike og mangfaldige fuglelivet? Det finst dei som tek både ti og tolv toppar på ein dag, og samlar tusenar av høgdemeter, og så finst det dei som tek med kaffi og sjokolade, legg seg i lyngen og let humla suse. Under har vi samla eit knippe fotturar, og gir deg praktiske tips og gode kart for eit lite utval med anbefalte fotturar i Herøy og Havlandet. God tur!
Laupsnipa ligg på grensa mellom Herøy og Sande og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar.
Meir infoStoreronda er ein 5-topps-tur med start frå parkeringsplassen Kvia på Moltu, og går over 5 fjelltoppar på Gurskøya. Distansen er på 13 km, og høgste punktet er på Sollia, 660 moh. For den mest spektakulære utsikta, bør du gå Syrebakkane først, og Storehanen til slutt.
Meir infoÅ gå på Igesundvarden er ein bynær rundtur med god utsikt over Fosnavåg og det meste av Herøy. Igesundvarden er vestlegaste toppen på Bergsøya, og ligg 189 moh.
Meir infoTuren Remøykammen og Vardane går på langs eggen over heile Remøya. Du har flott utsikt mot dei andre øyane i Herøy og mot Hareidlandet. Du har også utsikt utover mot havet. Dette er ein fin rundtur. Vardane vert også kalla Linken fordi der er ei telemast på toppen.
Meir infoVardeheida er eit av fleire turmål i området på Leinøya, og er ein av dei sørlegaste toppane på Leinøya. Fin utsikt undervegs, og frå Vardeheida, mot Leinane, Nærøya og Flusund. Også fin hodelykttur.
Meir infoMuletua er vestlegaste fjelltoppen i Herøy utanom Skorpa. God utsikt i alle retningar, vest i havet ser du ut mot Svinøya, mot sør ser du Skorpa, mot søraust ser du dei andre fjella i Herøy og mot nordaust ser du Runde.
Meir infoSkåla (184 moh) er den nordlegaste toppen på Gurskøya og ligg mellom Sandvika og Tjørvåg. Det er lettgåtte og merkte ruter frå Sandvika, Stokksund skule, Trolldalen og Tjørvåg.
Meir infoByvandring i Fosnavåg sentrum, som etter at Vågsbrua opna hausten 2020, har blitt ein fin rundtur i urbane, historiske og spennande område som passar for alle.
Meir infoEggesbøvegen til endes er ein ny og flat trillevenleg tur, i eit sentralt område på Myklebust på Bergsøya. Turen passar for alle.
Meir infoEin kort tur i lett terreng til det nordlegaste punktet på Nerlandsøya – Golleneset Fyr. Her kjem du ut til storhavet, og den lange havranda gir perfekte forhold for å nyte sola sige ned i havet.
Meir infoTuren på Herøy gard går over ein av dei eldste historiske stadene vi kjenner på Sunnmøre fram til spelplassen på Herøy. Øya har vore samlingspunkt i Havlandet Herøy i meir enn 1000 år. Du kan lese meir om dette på skilt langs stien som går over øya. Start turen ved Herøy Kystmuseum.
Meir infoHuldrehornskogen er ein spennande skog med gamle furutre og ulike lauvtre før ein kjem opp over tregrensa og får flott utsikt. Her er fine turstier frå mange kanter som alle fører deg til topps på 271 moh.
Meir infoLeinehornet er høgste toppen på Leinøya 364 moh, så du har god utsikt herifrå mot dei andre øyane i Herøy. Du har også god utsikt mot Ulsteinvik og fjella i Ulstein kommune.
Meir infoLysløypa er bygd for heilårsbruk. I sommarhalvåret kan ein bruke løypa både til fots, med vogn og på sykkel. Det er utplassert benkar og laga bålplassar fleire stadar i løypa.
Meir infoFlott og enkel fjelltur, med spektakulær utsikt frå toppen. Her kan du sjå til Runde, mot Ålesund, til Sunnmørsalpane, og til øyane i Havlandet. Turen er godt merka, også med refleks for mørke turer med hovudlykt. Enjoy!
Meir infoGodt merka tur til Rjåhornet på Nerlandsøy med flott utsikt mot Skorpa, Svinøya og Sunnmørsalpane. Fin utsikt når du kjem over skogen frå Mjelthaugvegen
Meir infoPå ei hylle i fuglefjellet på Runde har du utsikt til eit av dei vakraste naturteatera i verda.
Lundeura
Horisonten og skimrande hav – og lundefuglen, nokre gongar i svermar, andre gongar ein og ein, to og to, som kjem inn frå havet om kvelden. Du er like tett på som den beste naturserien på BBC. Dette er ei heilt spesiell oppleving anten du er ivrig fugleentusiast eller barnefamilie på tur.
Ein god halvtime på veg og god sti frå parkeringsplassen i Goksøyr, og du er framme på kanten av fuglefjellet. Ta til venstre, følg kanten av fjellet og klatre på kraftig stige med nokre få trinn ned eit platå.
Runde fyr
Heilt ytterst ute på nordsida av Runde ligg Runde fyr, eit av dei eldste fyra i landet. Her er ein så langt ut i havet som ein kan kome til fots. Hit kjem du på god og tilrettelagt sti, kloppar og steintrapper. Turen tek rundt ein og ein halv time, først opp på Rundemyrane, så over flate vidder og langs kanten av øya på motsett side av fuglefjellet, før det trappar ned mot Kvalneset og fyret. Her er fleire hus, fyrlykta og restane av det store, gamle støypejarnstårnet. Fyrvaktarbustaden er Turistforenings-hytte der du kan overnatte.
https://ut.no/utforsker/stedsn...
Turstien på Heid er ein panorama-tursti på byfjellet Tverrfjellet, med panoramautsikt begge vegar!
God, brei og fingrusa veg gir deg på nokre få høgdemeter eit storslått vidsyn til både Sunnmørsalpane og storhavet som strekker seg så langt du kan sjå. Frå eine enden av stien er dette ein spasertur som kan gåast i pumps og byklede, frå den andre enden ved Sunnmørsbadet byr monsterbakken i starten på såpass motstand at det er meir trim. Langs stien er det gapahukar og utsiktspunkt. Ein avstikkar er bratt ned til Fosnavåg hamn. Ein annan er opp til Hornseten.
http://mrfylke.no/Morotur/Tura...
Den høgaste fjelltoppen i Herøy, 598 meter over havet.
Rjåhornet ligg på Gurskøya, den største øya og byr på store fjellområde med lyng og myr, vidder og dalar. Denne turen er også av dei lengre fjellturane i Herøy med over åtte kilometer tur-retur. På toppen opnar det seg vidt utsyn mot Sunnmørsalpane og myriadar av øyar, holmar og skjær. Den lengste turen går frå parkeringsplassen ved fylkesveg 61 på Leikongeidet, men du har også tilgang frå Tjørvåg, Djupvika og Leikong.
http://mrfylke.no/Morotur/Tura...
Det er ikkje kvardagskost med fjelltur på Skorpa.
Du må i båt og du må vere både båtvan og manøvreringsdyktig. Tilkomsten til den vesle hamna er for vidarekomne. Men det er ei storarta oppleving som ventar. Turen går frå hamna gjennom den fråflytta husklynga og så forholdsvis bratt opp før eit flatare parti til Keipen 431 meter over storhavet. I tillegg til følelsen av å vere «på enden av verda» er dette ein av dei svært få plassane du kan møte villgeit, eller kystgeita, med sine store, flotte horn.
http://mrfylke.no/Morotur/Tura...
Ein fin tur på god skogsveg som også har lys i mørke kveldar.
Til saman tre kilometer gjennom to sløyfer. Om det er nok snø, vert der også køyrt opp skiløyper. Lett og kupert terreng i skogsområde med gamle furuer og innlandsoppleving på den største øya i Herøy. Parkeringsplass ved fylkesveg 61 på Leikongeidet.
https://www.facebook.com/lyslo...
Kvalsvikryggen ligg lengst ut mot Atlanterhavet i Havlandet, ein unik og spektakulær fottur som går på toppen av dei forrevne klippene som stuper ned i havet. Fotturen går frå Golleneset fyrlykt, opp og over Okla, via Helleskaret til Børa, over Barmen, og til slutt magiske Muletua, 253 meter over havet. Utsikta til vakre solnedganger, til storm og ruskever, til havblikk og svarte klipper som styrtar i havet frå Kvalsvikryggen mot fuglefjellet på Runde, til Svinøya og Golleneset fyrlykt må du berre oppleve. Dette er favoritten til mange lokale i Havlandet.